Corvette Club Bergen logo
    Siste oppdateringer:   03.05.22 - Terminliste 2022 |||

Klokken i California nå:

 
Klokken i Florida nå:

 

Artikler

Vinterarbeid på Voss.

Vinteren er komen (i hvert fall etter kalenderen) og det er tid for ulike prosjekt i garasjen. Skal bli kjekt å se endringene hos de forskjellige når våren kommer...

Som ulønna "vaktmeister" på eit bygg (tidlegare HSD Terminalen på Voss) mottar jeg min belønning i form av å kunne disponerer denne 420m2 verkstadhallen med varme og det heile. Dette gjorde at eg planlagde å oppgradere litt på Vetten. Det var spesielt tenninga og bremser eg var ute etter å få orden på. Bestilte ny fordeler med elektronisk tenning og innebygd coil av typen HEI. Her skulle alt passe rett i ein 68 vette stod det...
 
Når varene kom og eg opna "julepakka" såg eg at denne var stor, større enn den gamle. Det som amerikanarane seier går rett på plass utan problem må ein ikkje tru på. For å få montert fordelaren så måtte eg demontere vindusviskermotoren og etter montering så såg et at det kom til å verte trongt for pluggkablane. Men med ny type kablar gjekk det bra til slutt. Så var det luftfilteret som skulle på, enno meir trongt, her måtte eg lage ei skikkeleg bulk på huset og det må nok verte eit anna filter snart.

1968 Corvette
Vart litt kromgal og hadde bestilt ny hovedbremsesylinder i krom!!!

1968 Corvette
Vart vel litt åleine men det kjem vel litt om senn meir i same stil.

Neste prosjekt var å få orden på bremsene. Det hadde aldri vore skikkeleg parkbrems og hadde ein lekkasje på bremsekaliper bak, fjørande pedal og veldig svake bremser. Eg var veldig usikker på kva som måtte bytast så eg starta å demontere bremsene bak. Eg var og usikker på kva system parkbremsen var på ein Vette men det fekk eg fort sjå. Alle som ikkje likar å byte bremsesko på trommelbremser bør ikkje ta fatt på dette...
 
Sjå for deg alle deler og fjører som på ein vanleg berre det at her vart alt skjult bak spindelen og ein måtte arbeide i gjennom to hol i denne for å demontere og montere diverse fjører. Fekk eit godt råd av ein som har ein Chevy Nova som eg har lete få plass ved sida av meg, les alt du kjem over før du set i gang med noko, bruk god tid og ikkje stol på amerikanarane når dei seier at det er enkelt.
 
Det eg gjorde var at eg saumfara alle forum for å sjå om det var andre som hadde gjort det same og hadde gode råd, det var lite av det. Så eg tok for meg Chilton C3 Repair & Tune-Up Guide og der fann eg ein heil del. Bra beskriving av korleis dette skulle gjerast på rett og enklast måte. Deler vart bestilt, eg tok og med på bestillinga eit spesialverktøy for å stramme oppatt fjørene. Når eg no i dag er ferdig med eine sida så må eg sei at ikkje hadde gått utan dette verktøyet.
 
Ein annan ting eg har lært er at skal ein justere parkbremsen så skal ein ikkje stramme vaieren men ein skal bruke justeringa inne i trommelen. Grunnen til dette er at om ein strammar for mykje så vil bremseskoa verte pressa ut spora i den armen som skal presse dei ut mot trommelen og dette vil presse dei mot spindelen og øydelegge dei. Resten som stod igjen var skifte av pakningar på kaliperen, som ikkje er noko problem i det heile.
 
Mitt råd er å bruke god tid i forkant, lær så mykje du kan om korleis det verkar før du set i gang med slike saker på ein gamal bil. Det er heller ikkje alltid det er originalt det som står på bilen så sjekk gjerne opp kva som er der før du bestiller deler. Ta og eit val om du vil byte tilbake til original deler i denne fasen.

Her er nokre fleire bilde, får ikkje bilete av det som er inni trommelbremsene men det skjønar de vel!!!

1968 Corvette
 

1968 Corvette
 

1968 Corvette
 

1968 Corvette
2 stk av 68 generasjonen..

 
 
artikkel av: Kjartan
foto av: Kjartan